ROSA

Musikkteater i 2 akter

2013 er eit kvinneår i Noreg, då det er 100 år sidan kvinner fekk stemmerett her i landet.

Handlinga i Rosa finn stad i tida 1855-1870. Den gong var spørsmål kring likestilling mellom kjønna berre i si spede byrjing. I ymse kretser blei likevel situasjonen for kvinner i heimen og samfunnet elles tatt opp og diskutert.

Vinjeproduksjonar presenterer ei førestelling i to akter bygd på hendingane og særskilt ekteskapa til Rosa Kjeldseth.

Akt 1: Hennar kome til prestegarden i Øvre Rendal og forholdet til lensmann Abraham Tobias Enevoldsen.

Akt 2: Hennar liv i Kristiania som lærarinne og forholdet til Aasmund Olavsson Vinje.

Rosa Sophie Constance Kjeldseth var ei ung kvinne som fekk oppleve dramatiske omstende i livet sitt. Det første ekteskapet hennar var vondt, med utruskap, vald og drikking. Ho hadde det godt i ekteskapet med Vinje, men dette vart av det kortvarige slaget. Rosa døydde i barselseng, medan Vinje var sjuk og døydde berre tre månader etter, sommaren 1870.

All musikken, også songane som følgjer dette kvinneportrettet, er komponert av Agathe Backer-Grøndahl.

Då Rosa vart skilt, fekk ho forsørgaransvaret for dei to sønene Peder og August. Peder døydde av lungebetennelse i Kristiania. Då Vinje blei i lag med Rosa, var August åleine med mor si. Rosa var svært sterk og sjølvstendig for den tid ho levde i. Med det ukuelege pågangsmotet sitt og hennar vinnande vesen greide ho som einsleg mor å skape ein heim for seg og sine i Kristiania. I Vinje si tale i lærarinne-foreininga i andre akt talar han om kvinna si stilling i samfunnet.

Førestellinga varar i 50 minutt utan pause.

Spelestaden må ha piano, eit lite bord og tre pinnestolar.

 

KORT OM DEI MEDVERKANDE:

Ingrid Vetlesen

Ingrid Vetlesen studerte sang ved konservatoria i Tromsø og Stavanger, før ho gjekk det prestisjetunge Operaakademiet i København. Ho debuterte i 2008, som Barbarina på Det Kongelige Teater i København, og har sidan hatt engasjement i både Danmark og Noreg, blant anna på Nationaltheatret i Oslo. Ingrid er ein aktiv konsertsolist, både som oratoriesolist og kammermusikar. I tillegg har ho opptrådt på fleire festivalar, mellom anna Oslo Opera Festival, Oslo Grieg Festival og Fjøsfestivalen. Sommaren 2013 hadde ho rolla som Despina i Mozarts  Cosi fan tutte  på Dubrovnik Summer Festival.

Framtidige engasjement inkluderer mellom anna turné med konsertkonseptet "Musikk på høye hæler" som er utvikla i samarbeid med pianist Monica Tomescu-Rohde og reengasjement i Dubrovnik. I ngrid har mottatt fleire priser og stipendier og i 2007 var ho finalist i Dronning Sonja Nasjonale Konkurranse. 
www.ingridvetlesen.com

Magne Skjævesland

Skodespelar og songar. Har abeida som freelance skodespelar i 20 år. Mellom anna i frigruppene Stella Polaris og Nordic Black Theatre. Har hatt roller i fleire norske filmar mellom anna Mirush, Maskeblomstfamilien og Trolljegeren. I 2007 starta han Vinje produksjonar. I alt fem produksjonar er til no blitt laga, alle med Aasmund O Vinje sitt liv og dikting som tema. Magne er ansvarleg for alle produksjonane, som ideutviklar, manusforfattar og produsent.

Marita Kjetland Rabben

Pianist med bachelorgrad frå Griegakademiet og Hochschule für Musik Freiburg, og mastergrad i utøvande musikk frå Institutt for musikk, NTNU. Under masterstudia fordjupa ho seg i russisk musikk, og i 2011 debuterte ho som solist med Trondheim Symfoniorkester i Rachmaninovs 2. klaverkonsert.

Marita er aktiv som solist, kammermusikar og akkompagnatør i fleire ulike ensemble. Ho har spelt på ei rekkje festivalar, blant anna Festspillene i Bergen, Vestfoldfestspillene, Avgarde, Kirsten Flagstad Festival, Aberdeen International Youth Festival og Mülheimer Fatzertage.

S aman med sopran Ingvill Mjeldheim Holter spelar Marita i duoen «Vestavill», som kjem med plate i 2014. Ho spelar også i «Mardraum» saman med Maren Myrvold. Dei er for tida aktuelle med «Dagny –død madonna», ei sjølvprodusert konsertforestilling om Dagny Juel, i samband med Munch 150 og Stemmerettsjubileet. Marita j obber mykje med produksjonar på tvers av sjangrar, og medverkar blant anna i Brecht-forestillinga "Fatzer"; ein samproduksjon mellom Transiteatret-Bergen, Nationaltheatret, Rogaland Teater og Art Printing House.

Maren Myrvold

Maren Myrvold er utdanna klassisk songar med master frå Institutt for musikk og dans, Universitetet i Stavanger. Ho har studert hos prof. Elisabeth Norberg-Schulz. Ho har eitt-årig utdanning i stemmeterapi frå Creationwork og gjekk teaterlinja på Romerike Folkehøgskole.

Maren har deltatt i ei rekkje opera- og musikkteater- produksjonar, og har opptrått for mellom andre Kirsten Flagstad-festivalen og Hedmark Teater. Januar 2013 er ho aktuell i Flaggermusen på Den NorskeOpera, og har vore vikar i Vinjes Ferdaminne i Vinjeproduksjonar.

Forestillingen er støttet av Hedmark fylkeskommune.

Til hovudsida