KONSERTFORESTILLING

 

Vinjes Ferdaminne

"Ferdaminne frå sumaren 1860" i ord og toner


Vinjes Ferdaminne , ei konsertforestilling.

Dette er ei framsyning der vi kombinerer skodespel, musikk og lyrikk. Vi har tatt utgangspunkt i Aasmund Olavsson Vinje sitt hovudverk i forfattarskapen hans, Ferdaminne frå sumaren 1860 .

Aktørane er: Skodespelar og songar Magne Skjævesland i rolla som Vinje. Musikar og skodespelar Ingeborg Tollefsen på fele, song og i kvinnerollene. Musikar Andrea Cvetkovic på piano.

I 1860 la Vinje ut på ei reise frå Kristiania til Trondheim for å vere tilstade under kroninga av kong Carl den 15. Han var 42 år, ugift og over gjennomsnittet opptatt av damer. Aasmund mista mora si då han var 9 år. Dette prega kjenslelivet hans i vaksen alder. Den raude tråden i framsyninga er Vinje sine møter med kvinner. Dei mest sentrale av desse er budeia på Helaksetra, ei ung dame Vinje møter og vert forelska i. Han tykker ho er så fager at han undrast på om det er huldra sjølv. Malene frå Folldal, ei 75 år gamal dame. Ho er, som Vinje, ugift og legg sin elsk på han. Vinje på si side ser ho i lys av si eiga mor. Drosi treff han på eimbåten. Ho er ei fin byfrøken frå Kristiania som er på veg til Trondheim. Vinje vert så bergtatt at det kjem sky framføre soli.

Tekstane til Vinje dreier seg om naturskildringar, kjærleiksmøte og filosofiske betraktningar.

Musikken vi nyttar er folketonar og kjende melodiar, dei fleste av Grieg. I tillegg nyttar vi improvisasjonar som underbyggjer nokre av tekstane.

Songar/dikt /musikk som nyttast:

Frå byen det berer (dikt)

Polkamassurka (folketone)

Værmlandsvisan (svensk folketone)

Ved Rondane (Hovland/Grieg)

Blåmann (Hovi)

Kom Ragnhild (Tollefsen)

Eit syn (Grieg)

Attegløyma (Grieg)

 

Det første (Grieg)

Målselvhallingen

Gamle mor (Grieg)

Drivdalen (Kvandal)

Langs ei å (Grieg)

So skal jenta hava det (Alnæss)

Drengen finn Drosi (dikt)

Den dag kjem aldri (folketone)

 

KORT OM DEI MEDVERKANDE:

Magne Skjævesland

Skodespelar og songar. Har abeida som freelance skodespelar i 20 år. Mellom anna i frigruppene Stella Polaris og Nordic Black Theatre. Har hatt roller i fleire norske filmar mellom anna Mirush, Maskeblomstfamilien og Trolljegeren. I 2007 starta han Vinje produksjonar. I alt fem produksjonar er til no blitt laga, alle med Aasmund O Vinje sitt liv og dikting som tema. Magne er ansvarleg for alle produksjonane, som ideutviklar, manusforfattar og produsent.

Ingeborg Tollefsen

Felespelar, songar, skodespelar og komponist. Har både klassisk og folkemusikalsk bakgrunn. Gjekk på teater- og musikklinja ved Romerike folkehøgskole. Underviste i fiolin ved Målselv musikkskole. Jobba som musikar og skodespelar ved Teater E i Oslo. Spelt i ei rekkje orkester og band, mellom anna Midt-Troms symfonietta, Tromsø symfoniorkester, Black Label og Dead Hoodlums. Ho har vore med i ein rekkje plateutgjevingar.

Oddrun Valestrand

Skodespelar og songar. Romerike folkehøgskole 93/94. Utdanna ved The London Studio Centre 95-98. Har erfaring frå ulike teaterproduksjonar, musikalar, film og tv. Bla. a. «Kiss me Kate» og «I Blanke Messingen» Den Nationale Scene i Bergen , «Den Blå Engelen» Logen i Bergen, «Fame» og «Saturday Fever» Chat Noir. «Messels Memorandum», «Osperheimkomplekset» og «Legemsarkivene» i Claire de Wangen Produksjoner. Medvirka i tv-seriar som «Dag2», «Spesialenheten» og «Helt Perfekt».

Andrea Cvetkovic

Pianist. Andrea er utdanna ved Universitetet i Oslo og fullfører i 2010 ein mastergrad i Musikkvitskap. Ho har studert piano-spel med Wolfgang Plagge og Anne E. Riisnæs. Ho er vidareutdanna med meisterklasser hos Aldo Ciccolini og Robert Szidon. Andrea har vore solist ved Bærum Symfoniorkester. Ho har deltatt på CD-en «Atmosphere» og elles vore mykje nytta som kammermusikar. Ho har vore med i 3 av produksjonane til Vinjeproduksjoner.

Lars Johansen

Lars Henrik Johansen har bachelor og mastergrad i cembalo ved Norges Musikkhøgskole i Oslo. . Han har dessutan lang erfaring som pianist. Har arbeidet som freelance musiker i en rekke sammenhenger innenfor ulike genre i inn- og utland siden tidlig på 1990- tallet.

Natalia Strelle

Ho debuterte med St. Petersburg konservatorieorkester som 13- åring og studerte etter det ved same konservatorium. Ho avslutta diplomstudiet ved Norges Musikkhøgskole i 2004 med professor Einar Henning Smebye, som ho og har ein klaverduo i lag med.

Strelshenko har halde konsertar i Los Angeles, Stockholm, København, Amsterdam, Glasgow, München, Moskva og St. Petersburg. Og nå nyleg også i London, der ho nærmast fjetra blaserte britiske anmeldarar med sitt nærvær og sin teknikk. "The next time Natalia Strelchenko comes to town, be there", skriv Geoff Brown i Times Online om debutkonserten i Wigmore Hall 3. januar. Han held fram: "Power came balanced with poetry, velocity with reflection" og rundar av omtala si med å kalla Strelle "a genius at twinkling".

Maren Myrvold

Maren Myrvold er utdannet klassisk sanger med master fra Institutt for musikk og dans, Universitetet i Stavanger hvor hun studerte hos prof. Elizabeth Norberg-Schulz og bachelor fra Institutt for musikk, NTNU i Trondheim og Hochschule für Musik, Freiburg i Tyskland.

Hun har også ettårig utdannelse i stemmeterapi fra Creationwork og gikk teaterlinjen på Romerike folkehøgskole. Maren har deltatt i en rekke opera- og musikkteaterproduksjoner med bla. NRK1, Hedmark Teater, Trondheimssolistene, Trøndelag Teater, Musikkteateret i Trondheim/Trondheim symfoniorkester, Kinas nasjonale Operas kor og orkester, Sandnes Opera og operettekompani , Kirsten Flagstad Festival og Hedmarken Symfoniorkester.

Til hovudsida